Text: Agnes Walton

På ein skånsk valvake der hovudofokus så langt har lege på SD:s føreståande inntog i den svenske riksdagen og eventuelle vippeposisjon mellom blokkar utan eigne fleirtal, ville det vere unaturleg å ikkje trekke parallellar til situasjonen i nabolandet Danmark.

Så langt har dekninga av det danske perspektivet sentrert omkring oppstandelsen rundt svenske TV4 si avgjerd om å sensurere SD sin valreklame, søsterpartiet Dansk Folkeparti sin høglytte kritikk av det svenske demokratiet, samt trugsmål om å utplassere danske valobservatørar i Skåne. I kveld fekk imidlertid den mindre sensasjonsbetona danske analysen plass på Statsvitskapleg institusjon sin valvake i Lund, ved Robert Klemmensen frå Institut for Statskundskab ved Syddansk Universitet.

Det er nærliggjande å forstå at danske Klemmesen, som åpna føredraget ved å ynskje Sverige velkomen til Norden og til resten av Europa, verken var særleg overraska eller opprøyrd av Sverigedemokratanes betydelege framgang i valet. Tida til den svenske politiske særstillinga, med eit sterkt og konstant regjerande sosialdemokratisk parti, fråvær av høgrepopulistiske trugsmål mot det etablerte og ei kraftlaus høgreside som ikkje maktar å vinne gjenval er over, argumenterer Klemmesen. Han beskriv eit sjokkert sosialdemokratisk parti som etter valet vil bli nøydde til å vakne opp til ein ny politisk verkelegheit der dei må kjempe om røyster og veljarar i det same politiske landskap som andre parti, eit S som ikkje lengre kan stole på svensk arbeidarklasse som ein trufast veljarbase. Ikkje minst fordi denne gruppa migrerar i stadig aukande grad til det alt meir stuereine SD. Klemmesen ser heller ikkje føre seg at Sosialdemokratane kjem til å ende opp som Sveriges største parti og spår for øvrig at Sverigedemokratane kjem til å ende opp i ein vippeposisjon mellom blokkane.

Etter kvart åpnast det for spørsmål frå salen. Statsvitar Magnus Jerneck utfordrar Klemmesen på korvidt han meiner svensk høgreside vil vere villege til å samarbeide med SD, ettersom alle parti har forplikta seg til å halde SD unna maktposisjonar. Dessverre, meiner Klemmesen, vil denne forpliktinga forsvinne med ein gong ein regjeringskabal skal leggjast, rett og slett fordi makt og posisjon står på spel. Klarar dessutan SD å levere på innvandringsspørsmålet vil dei vere villege til å inngå kompromiss på omtrent alle andre punkt, noko som vil resonnere godt med borgarlege parti. Dermed, påstår Klemmesen vidare, ligg Sverige heilt enkelt 10 år bak Danmark. Gjennom vippeposisjonen kan SD love støtte til alliansen i det viktigaste, innfri sine innvandringsløfte og vekse i både kredabilitet og veljarmasse, med eit borgarleg etablissement som blir stadig meir avhengige av SD si støtte.

Gitt dansk politikk sitt dårlege renommé og SD si sparsame støtte (0,6%) på Statsvitskapleg institusjon i Lund, verka ikkje dette prospektet utan vidare oppløftande for den overveldande raudgrøne salen. Om Klemmesen sine spådomar blir innfridde gjenstår å sjå.

av Agnes Walton